No er huset nesten ferdig lista, berre benkeplata manglar på kjøkenet. Trappa kjem no til veka og bad/vaskerom vert også ferdig om eit par veker. Mørenett skal kople til starum og då manglar berre vatn og fiber. Vidare skal omn og pipe monterast, samt at garasja vil nok ta nokre veker til før ho kjem opp.
lørdag 4. oktober 2014
torsdag 28. august 2014
Flisearbeidet i gang
mandag 18. august 2014
tirsdag 29. juli 2014
Oppstart etter ferien i dag
I kveld kjem snikkarane igjen for å rigge til. I morgon tidleg køyrer Montér ut eit stort lass med byggjevarer som skal inn i huset. Karane skal gjere litt ferdig innvening (plating av veggar og slikt). Neste veke kjem vår eigen kar som skal legge parkett og flise gangen m.m.
søndag 8. juni 2014
Stillaset er nede
No er stillaset demontert og dei har byrja på veggane inne. Skal måle litt i dag, og ta nokre fleire bilete.
onsdag 4. juni 2014
Huset er måla (nesten) ferdig
Vi har måla nesten heile huset. 93% har fått éitt strøk og 38% har fått to strøk. Etter 80 liter gjekk vi tome for måling og 50 nye er på veg for å gjere huset ferdig. Merkar at nytt tre (kun grunna) sug mykje måling og at overflata på kledninga er veldig ru å måle på. Har brukt argaste penselen frå Jordan, men han viste seg å vere laga for Austlandskledning (ståande) og til slutt stod busten rett ut til alle kantar. Brukar ein rak og betre pensel neste gong.
No har snikkarane byrja med overbygget ved inngangspartiet. Vert spanande å sjå når huset er ferdig utvendig om ei lita veke eller to.
No har snikkarane byrja med overbygget ved inngangspartiet. Vert spanande å sjå når huset er ferdig utvendig om ei lita veke eller to.
onsdag 28. mai 2014
Det vart Drygolin Ultimat
Etter mykje god rådføring med fagfolka på Montér Molde, vart det Drygolin Ultimat i staden for Opus S. 80 liter skal strykast utover veggane dei komande vekene.
Oppdatering 3. juni:
80 liter er brukt og nye 50 liter er bestilt.
Oppdatering 3. juni:
80 liter er brukt og nye 50 liter er bestilt.
tirsdag 27. mai 2014
Takstein på "plass"
Taksteinen er kome på plass. Det er Benders betongstein dobbeltkrum. Vindauga er plasserte rundt i huset, klare til å settast inn.
mandag 26. mai 2014
Måling
No er vindauge og takstein på veg, og er venta ferdig denne veka. Så tenkte eg å få tatt første målingsstrøket, og har valgt meg ut Montér sin Opus S. Ein fugl har kvitra at dette er (nesten) same produktet som eit anna, velkjend og særs bra målingsprodukt, men under privat merke.
fredag 23. mai 2014
Snart tett tak
Skal legge ut meir etterkvart. Akkurat no er det hektisk på alle frontar, men IEC-Hus har kontroll og vi er innom og kikar litt i ny og ne.
tirsdag 20. mai 2014
søndag 20. april 2014
lørdag 29. mars 2014
Plata er ferdig
I dag var vi på sykkeltur ned til tomta. No var plata ferdig og siste laget med betong var var kome på over varmerøra. Huset kjem først veka etter 17. mai.
Abonner på:
Innlegg (Atom)