Sist veka tok dei til å grave til tomta vår. Fredag kom meldinga om at noko ikkje stemde mellom kartet og terrenget. Det viste seg at kommuna sine tomtestikker ikkje stod heilt rett. Vidare var der ei kabelgate som var lagd inn på tomta vår. Ein tredje (og ganske vesentleg ting) var at husleverandøren hadde teikna huset inn på tomta på grunnlag av eksisterande terreng - ikkje regulerte veghøgder og liknande. Dermed har vi ein veg ovanfor som er 66cm høgare enn kva hus/innkøyrsle var planlagd for.
Heldigvis skulle vi ha oppstartsmøte med husleverandøren måndagen og dei vart med opp i tomta og saman med gravefirmaet, kom ein fram til ei løysing som verken stogga arbeidet eller vart særleg dyrare.
Kabelgate lagd inn på vår side av tomtegrensa. Mørenett skal etter sigande kome å flytte ho. Kryss i bakken til venstre er hjørnet på garasja. Grensa går like til venstre for drensekuppelen.