lørdag 21. september 2013
Leverandørar
IEC-Hus møtte vi på Gjør din bolig bedre-messa i Ålesund i 2011. Etter mange runder med alle husleverandørane, enda vi opp med IEC, då dei verka faktisk mest interessert i jobben, og gav oss mulegheit til å besøke eit par visningshus. Det å få sjå visningshus var heilt avgjerande for valet av husfirma.
Vi brukar sjølvsagt Optimera som vår faste byggevareleverandør. Dei har kjedene Montér, Byggi og Trend, samt Optimera Proff. Her handlar vi kjøken, bad, golv/parkett, veggplater samt alt av tyngre byggevarer som ikkje er med i leveransen frå IEC-Hus.
Garasja kjøper vi av IEC-Hus, men det er ei garasje frå Grimstad-garasjene. Ho er 7x7m, med takvinkel på 27 grader.
Finansiering tek Nordea seg av, Tussa leverer byggjestraum og If Skadeforsikring tryggar prosessen på vår side.
Elles skal Tussa Installasjon stå for elektrisk arbeid, Brændes Rørleggjarforretning ordnar VVS. Vidare skal Berknes Maskin grave tomta og Volda Byggservice støyper grunnmur og plate. Dei to sistnemnde har ikkje nettside.
Skal liste opp fleire leverandørar etterkvart som dei kjem til (trapp, tak, golv, golvvassvarme m.m.).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar